Boklansering

Da var laget godt å ha – Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920 – 2013

Magnhild Bruheim, forfattar og journalist, vart engasjert av Stiftinga G-Kultur i april 2015 til å dokumentere og skrive ned den samla historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo. Boka har fått namnet Da var laget godt å ha, og vart lansert fredag 21. april 2017 på Det Norske Teatret/Bikuben.

Første delen av Da var laget godt å ha gjev ein historisk gjennomgang av laget, frå framveksten til oppløysinga, kva laget såg på som sin viktigaste funksjon, og korleis det levde opp til føremålet. Andre delen er tematisk, og tar for seg dei oppgåvene som fekk størst plass, og som har hatt mest å seia for laget. I ei særstilling står lagshytta Skjennungstua.

Arbeidet er basert på arkivmaterialet som Gudbrandsdalslaget overleverte til Opplandsarkivet i 2014 og 2015. Lagsbladet Guriluren har vore ei viktig kjelde, og det er hyttebøker frå Slaktern, Skjennungstua og Gudbrandstugu. Elles er noko av framstillinga basert på intervju med somme av dei som har vore sentrale i periodar i lagshistoria. I tillegg til den historiske framstillinga er det tatt med tidsminne frå formenn/leiarar frå kvart tiår frå 1950-åra og framover, eit minne frå barndom på Skjennungstua og ei jubileumstale.

For å kunne skrive om historia dei første tiåra etter stiftinga, har jubileumsskriftet i samband med at laget fylte 50 år i 1970, vore svært nyttig. Dette var artiklar som vart trykte i Årbok for Gudbrandsdalen 1969. Det bygde vidare på eit skrift som kom ut ti år før, da laget fylte 40 år.

Da var laget godt å ha er ei samla framstilling av den meir enn nittiårige historia til Gudbrandsdalslaget i Oslo.

Lanseringsarrangement fredag 21. april 2017

Lanseringa av Da var laget godt å ha gjekk føre seg på eit arrangement på Det Norske Teatret, Bikuben, og med bortimot 100 personar tilstades.

Dei som deltok i sjølve programmet:

– Gudbrandsdølenes Spelmannslag spela til innleiing og avslutning. Med Per
Sæmund Bjørkum, Tore Jørgen Rødølen, Reidar Skjelkvåle, Fridtjof Sole og
Rasmus Stauri.
– Magnhild Bruheim, presentasjon av boka.
– Asbjørn Ringen, pensjonert avismann, i samtale med Egil Killi, lagsformann
haust 1952-vår 1953, og Nils Hesthagen, lagsformann i 1976.
– Teater G 35+, presentasjon av eit utvalg sangar frå eige arkiv. Med Kjell
Austin, Jorunn Bleken, Jan Hellerud, Ida Marie Holmin, Torbjørn Holt og
Knut Hovslien.
– Torgeir Holø, lagsformann haust 1964-vår 1965, Da va lage godt å gå åt,
festtale i 70-årsjubileet i Gudbrandsdalslaget og 40’årsjubileet i Dale-
Gudbrand i Ingeniørenes Hus, februar 1990.

Programmet vart leia av Knut Hovslien, styreleiar i Stiftinga G-Kultur.

Tinging

Boka kan tingast ved å sende ei melding på lenka «Kontakt oss» i menyen til høgre på denne nettsida. Boka kostar 200 kr, evt porto 100 kr kjem i tillegg.

Last ned som pdf