Vedtekter

Vedtekter for Stiftinga G-Kultur

1 Namn og føremål
Stiftinga sitt namn er Stiftinga G-Kultur, og har som føremål å gje økonomisk støtte til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Utdeling til unge aktørar innan skapande og utøvande verksemd skal prioriterast, og også profesjonelle aktørar og utøvarar kan støttast.

2 Grunnkapital
Stiftinga sin grunnkapital er på kr. 100.000,-, fullt innbetalt. Grunnkapitalen utgjer i si heilheit ei gave frå Gudbrandsdalslaget i Oslo i samsvar med gavebrev.

3 Styret
Stiftinga skal ha ei styre på 4-6 faste medlemmer og 2-3 varamedlemmer, og skal stå for stiftinga si daglege drift. Styret gjer sjølv framlegg om suppleringsvalg ved behov. Styreleiar blir vald blant styret sine medlemmer ved enkelt fleirtall. Styreleiar blir vald for to år, og kan attveljast.

Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemmene er tilstades, og under føresetnad av gyldig innkalling. Gyldig innkalling skjer med ei vekes varsel. Sakliste for styremøtet skal sendast ut saman med innkallinga.

Styret fører vedtaksprotokoll. Protokollen blir underteikna av alle styremedlemmer som er tilstades. Ved stemmelikheit har styreleiar dobbeltstemme. Mindretalet kan krevje sine forslag protokollført.

Styret representerer stiftinga og fastset retningslinjer for søknad om og tildeling av støtte i samsvar med stiftinga sitt føremål. Styret behandlar og avgjer tildeling av støtte etter eiga vurdering. Vedtak krev enkelt fleirtal.

4 Budsjett, rekneskap og kostnadsdekning
Styret utarbeider kvart år budsjett for neste års verksemd, samt rekneskap for føregåande års verksemd. Kostnader til forretningsføringa blir dekt av grunnkapitalen. Styret pliktar elles å halde stiftinga si formue under sikker kontroll.

5 Revisor
Stiftinga skal ha autorisert revisor. Styret utpeikar revisor med enkelt fleirtal.

Som revisor for stiftinga er vald Per Amund Brenno, BDO Hallingdal.