Skriftsamlinga Unge røyster 2020

Skriftsamlinga Unge røyster 2020 vart lansert under arrangementet «Utflytt døl» laurdag 1. februar 2020.

Fem skribentar vart honorert med 10.000 kr kvar i konkurransen Unge røyster i 2019:

Idunn Maria Brosset, Skjåk.
Hanna Nordlien Berg, Nord-Fron.
Håkon Noren, Lesja.
Åshild Slåen, Sel.
Ragnhild Sveen tande, Vågå.

I tillegg til desse fem vart følgjande forfattarar/skribentar spesielt invitert til å bidra med kvar si tekst:

Olav Brostrup Müller, kultursjef Lillehammer kommune, journalist og forfattar.
Hans Erik Kjosbakken, redaktør i Fjuken, Skjåk.
Ragnhild Kolden, forfattar, Lom/Oslo.
Sigrid Sørumgård Botheim, seniorrådgjevar i Språkrådet, forfattar, Lesja/Oslo.

Unge røyster 2020 omfattar såleis tekster av desse ni forfattarane/skribentane. Skriftsamlinga kostar 100 kr (ev. porto kjem i tillegg), og kan tingast ved å bruke skjemaet under menypunktet Kontakt oss.

Omslag Unge røyster 2020

Skriftsamlinga kan du lese her.

Skrivekonkurranse for unge skribentar og skrivelystne
Stiftinga G-Kultur lyste i januar 2019 ut skrivekonkurransen Unge røyster for  skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen. Frist for bidrag var 15. juni 2019. Sjå meir om konkurransen under menypunkt Arkiv > Unge røyster.

Alle bidraga i skrivekonkurransen kan du lesa her.

Tilskot
Stiftinga G-Kultur har fått tilskot til gjennomføring av skrivekonkurransen Unge røyster og skriftsamlinga Unge røyster 2020 frå Oppland fylkeskommune og  kommunane Dovre, Gausdal, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Fron, Ringebu, Sel, Skjåk, Sør-Fron og Vågå.