Retningsliner for stønad

Retningsliner for stønad frå Stiftinga G-Kultur

Vedteke på styremøtet i Stiftinga G-Kultur 7. februar 2015, med endringar på styremøtet 15. september 2015, 19. februar 2017 og 27. september 2017.

1. Føremål
Stiftinga G-Kultur har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

 2. Kva det kan gjevast stønad til
Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle inna skapande og utøvande verksemd. Det vil bli teke ekstra omsyn til aktivitetar og tiltak/prosjekt som har barn og unge som utøvarar og/eller målgrupper.

Døme på prosjekt og tiltak det kan gjevast stønad til:
– Produksjon og formidling innan biletkunst, dans, musikk, litteratur og
teater mm.
– Turnéstønad til enkeltpersonar og grupper innan dans, musikk og teater mm.
– Innsamling, dokumentasjon og publisering av kulturhistorisk materiale
gjennom skrift, foto, lyd- og filmopptak.
– Einskildperson som skriv oppgave ved høgskole eller universitet om emne
som blir omfatta av  stiftinga sitt føremål.
– Tiltak som fremjer kulturelt og språkleg mangfald.

3. Kva det ikkje kan gjevast stønad til
Det blir vanlegvis ikkje gjeve stønad til følgjande:
– Innkjøp eller produksjon av utstyr.
– Fast drift av aktivitets- og prosjektverksemd.
– Produksjon av kortfilm og spelefilm.
– Underskotsgaranti.
– Prosjekt og tiltak som har eit kommersielt føremål.
– Prosjekt som er gjennomført før søknaden er behandla av styret i G-Kultur.

4. Stønadssum
G-Kultur står fritt til å avgjere kor mange prosjekt som årleg kan få stønad og stønadsbeløp for det enkelte prosjekt. Det kan vanlegvis gjevast stønad med maksimalt 25.000 kr til eitt og same prosjekt.

G-Kultur kan på eige initiativ eller i samarbeid med aktuell prosjektsøkar gje stønad til eit prosjekt som er større enn nemnde maksimumsbeløp, dersom ein finn dette interessant og relevant. Dette kan f.eks. skje i form av ‘årets satsing’.

5. Korleis søke
Det skal nyttast eige søknadsskjema, som skal sendast inn elektronisk eller med vanleg post. Søknadsskjema finn ein på stiftinga si heimeside eller blir på førespurnad tilsendt med e-post eller vanleg post.

Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar:
– Informasjon om søkar og eventuelle samarbeidspartar.
– Prosjektskisse med omtale av målsettingar og innhald for prosjektet.
– Kva for målgruppe(r) prosjektet eventuelt rettar seg mot.
– Kven som er ansvarleg for planlegging, økonomi og gjennomføring av
prosjektet.
– Framdriftsplan med start- og avslutningstidspunkt.
– Budsjett og finansieringsplan.

6. Søknadsfrist, svar og vilkår for stønad
I 2018 og 2019 er det eín årleg søknadsfrist, 1. februar. Det kan påreknast svar på søknad innan nokre dagar etter at den er behandla i styremøte i Stiftinga G-Kultur.

Søkar som blir tildelt prosjektstønad får tilsendt tildelingsbrev med nærare vilkår for bruk av stønaden.

Prosjekt som får stønad frå Stiftinga G-Kultur må vere avslutta innan eitt år etter at stønaden vart gjeve.

Stiftinga sine vedtak er endelege.

7. Informasjon
For meir informasjon om stønadsordninga, søknadsskjema m.m. kan ein ta kontakt med:

Stiftinga G-Kultur
www.g-kultur.no