Profilering av G-Kultur

Stønad frå G-Kultur skal i størst mogleg grad synleggjerast gjennom omtale av G-Kultur og bruk av G-Kultur sin grafiske profil/logo i trykt materiale og på stønadsmottakar eller prosjektet si nettside. Sjå tekst til omtale og logo nedanfor.

Informasjon om søkar, søknaden, tildelt stønad og sluttrapport m.m. er offentleg materiale, og kan brukast av G-Kultur i samband med si verksemd, bl.a. gjennom presentasjon på nettsida.

1. Tekst til skriftleg profilering av G-Kultur ved stønad

G-Kultur har som føremål å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Stønad blir gjeve både til amatørar og profesjonelle innan skapande og utøvande verksemd. Det vil bli teke ekstra omsyn til prosjekt og tiltak som har barn og unge som utøvarar og/eller målgruppe.

2. Logo til profilering av G-Kultur ved stønad

Logo for Stifting G-Kultur - Svart 1692x611px

Logo for Stiftinga G-Kultur i svart


Logo for Stifting G-Kultur - Naturgrønn 1692x611px
Logo for Stiftinga G-Kultur i naturgrønn


Logo for Stifting G-Kultur - Lys grønn 1692x611px
Logo for Stiftinga G-Kultur i lysegrønn


Logo for Stifting G-Kultur - Kvit 1692x611px
Logo for Stiftinga G-Kultur i kvitt