Soluret frå Skjennungstua

Permanent plass på Hundorp

I 1960 gav Dale-Gudbrand, laget for «eldre dølar» i Oslo, eit solur til Skjennungstua, lagseigedomen til Gudbrandsdalslaget i Oslo. Ein markerte da 10-årsjubileet for Dale-Gudbrand og 40-årsjubileet for Gudbrandsdalslaget. Soluret vart laga av ingeniør Otto Imset, som seinare var formann i Dale-Gudbrand. Soluret skal vere det første som viser både klokkeslett og dato, og har elles andre tekniske finessar. Soluret på Skjennungstua var bakgrunnen for at Otto Imset fekk oppdraget med å lage det store soluret i Vigelandsanlegget i Oslo.

Da Gudbrandsdalslaget selde Skjennungstua i 1992 vart soluret teke ned. Nå har det fått permanent plass på Hundorp, i samarbeid mellom grunneigar Rasmus Stauri, Gudbrandsdalsmusea, Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard og Stiftinga G-Kultur.

Soluret vart avduka ved eit arrangement søndag 10. september 2017. Første del av programmet gjekk føre seg i Einbusalen, og her medverka Per Gunnar Hagelien, senterleiar i Pilegrimssenteret, Jon Suleng, varaordførar i Sør-Fron kommune, Rasmus Stauri, som har gjeve grunn til soluret, Torveig Dahl, direktør i Gudbrandsdalsmusea, Knut Hovslien, styreleiar i G-Kultur, samt Reidar Skjelkvåle, Rasmus Stauri og Tore Jørgen Rødølen frå Gudbrandsdølenes Spelmannslag. Etter kaffen gjekk Tom Willy Rustad, fylkesmusikkarkivar, i spissen for deltakarane med toradar-musikk. Ved soluret hadde Knut Hovslien ein kort presentasjon av historia om soluret og takk for det gode samarbeidet som hadde gjort det mogleg å få det plassert på Hundorp. Deretter foretok han og Jon Suleng den høgtidelege avdukinga av soluret. Bjarne Jensløkken, nestformannformann i Gudbrandsdalslaget i 1960 da soluret vart sett opp på Skjennungstua, kunne fortelje at det manglar ein streng inne i uret, som viser dato og månad. Tom Willy Rustad avslutta med å spele eit par låtar på fløyte.

Det var i alt ca 25 deltakarar i arrangementet, som var prega både av god stemning, litt høgtid og myskje «historisk sus». Soluret har fått ei veldig fin plassering, og ved sidan av sjølve uret er sett opp ein jarnstolpe der plaketten med tekst om uret er festa. Arbeidet med plasseringa av soluret er ikkje ferdig, og dette vil utstå til våren 2018. Det gjeld bl.a. kalibreringa av uret, altså riktig innstilling i forhold til solgang. Jon Suleng arbeider i Oppdal Skifer, og han lova å få laga til ei skiferplate i passe storleik som soluret kan plasserast på, dette vederlagsfritt for oss. Det kom også forslag om at det bør ordnast med ein monter/ei kasse i plexiglas som soluret kan stå inne i, for å sikre det mot ver og vind og besøkande som kan kome til å øydelegge det.

Plakett-tekst:

Soluret frå Skjennungstua
Ein arv etter Gudbrandsdalslaget i Oslo

I 1960 ga Dale-Gudbrand, laget for «eldre dølar» i Oslo, eit solur til Skjennungstua i Nordmarka, lagseigedomen til Gudbrandsdalslaget i Oslo. Soluret var laga av ingeniør Otto Imset, som seinare var formann i Dale-Gudbrand. Soluret skal vere det første som viser både klokkeslett og dato, og har elles andre tekniske finessar. Soluret var bakgrunnen for at Imset fekk oppdraget med å lage det store soluret i Vigelandsanlegget i Oslo.

Da Gudbrandsdalslaget selde Skjennungstua i 1992, vart soluret teke ned. Nå
har det fått permanent plass her på Hundorp, og dette er gjort i samarbeid mellom Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard, Gudbrandsdalsmusea AS, grunneigar Rasmus Stauri og Stiftinga G-Kultur.

Soluret vart avduka 10. september 2017.

*  *  *

Knut Hovslien, styreleiar i Stiftinga G-Kultur, heldt denne tala ved avdukinga av soluret:

Varaordførar Jon Suleng, grunneigar Rasmus Stauri og Torveig Dahl og Per Gunnar Hagelien frå Gudbrandsdalsmusea og Pilegrimssenteret,

Godtfolk!

For oss som representerer Stiftinga G-Kultur er det ei ganske spesiell glede å kunne vere her i dag. Vi skal avduke eit solur som riktig nok i storleik ikkje har mykje å prange med. Men her vil vi seie, at det ikkje er storleiken det kjem an på!

Soluret har si historie knytta til to organisasjonar i Oslo som nå er borte, men som hadde stor betydning for dei som var med i dei, nemleg Gudbrandsdalslaget og Dale-Gudbrand, laget for «eldre dølar». Og i dag er vi altså på ein gard som har ein spesiell plass i norsk historie. Dale-Gudbrands gard.

Så nå kan vi nesten merke «historiens sus».

Gudbrandsdalslaget vart stifta i 1920 og Dale-Gudbrand i 1950. I samband med 40- og 10-årsmarkeringa i 1960 for dei to laga ga Dale-Gudbrand eit solur til Skjennungstua i Nordmarka, lagshytta til Gudbrandsdalslaget, og soluret vart sett opp ved flaggstonga ved hytta. Soluret vart laga av ingeniør Otto Imset, som sjøl var medlem og seinare leiar i Dale-Gudbrand. Soluret skal vere det første i sitt slag som viser både klokkeslett og dato, og har elles fleire tekniske finesser, utan at eg kan gjere greie for dei. Soluret på Skjennungstua var bakgrunnen for at Otto Imset fekk oppdraget med å lage det store soluret i Vigelandsanlegget.

Da Gudbrandsdalslaget selde Skjennungstua i 1992 vart soluret teke ned og lagra privat.

I 2015 tok styret i Stiftinga G-Kultur fatt på å finne ein ny stad å plassere soluret, da vi meinte at det er ei historie som fortente meir enn at det skulle bli ståande i ein kjellar. Vi tok kontakt med nåverande vertskap på Skjennungstua, med Oslo kommune og med Oslo bymuseum, men utan respons nokon stad.

Deretter tok vi kontakt med Gudbrandsdalsmusea, og hovedidéen vår var nok at soluret kanskje kunne plasserast på bygdamuseumet i Lom. Dette var ingen ulogisk idé, i og for seg, for før nemnde Otto Imset var gift med Målfrid Elvesæter, som kom frå Lom. Det var med andre ord ein samanheng her.

Det som likevel er så interessant er at vi etter nokre få dagar fekk svar attende frå Gudbrandsdalsmusea og Torveig Dahl, om at dei gjerne kunne tenkje seg å å gje soluret ein permanent plass her på Dale-Gudbrands Gard. Og frå vår side var dette sjølsagt ei «gavepakke» utan like, og plutseleg var det samanheng i mange historiske element i denne historia. Litt seinare kom så Rasmus Stauri inn i bildet, og han ville gje grunn vederlagsfritt til soluret.

Resten er historie, som det heiter, og vi er veldig glade for å vere her i dag og sjå at soluret er på plass, 57 år etter at det vart sett opp på Skjennungstua i Nordmarka. Ein stor takk til dykk alle som har vore med og gjort dette mogleg!

Gudbrandsdalslaget i Oslo vart lagt ned i 2013 og Dale-Gudbrand i 2010. Den historia er nå dokumentert i boka Da var laget godt å ha, som er skrive av Magnhild Bruheim. Boka vart lansert i april i år ved eit arrangement på Det Norske Teatret. Eg har gleda å få gje eit eksemplar av boka til ordførar Muriteigen og til folkemusikkarkivar Tom Willy Rustad. De andre har fått boka tidlegare.

Nå vil eg i samarbeid med varaordførar Jon Suleng få avduke soluret.