Om Gudbrandsdalslaget

Ein stad å høyre til

Den følgjande teksta er frå boka Da var laget godt å ha – Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920-2013. Forfatter Magnhild Bruheim var engasjert av Stiftinga G-Kultur til å skrive laget si samla historie, og boka vart lansert i april 2017.

«Kor verdfullt er det ikkje for landsungdom i byen å ha ein stad å samlast, derdei kan kjenna seg heime, tala si eiga dialekt og møte ungdom med sams interesser. Lagi skal vera ei hjelp for ungdommen til å verna um arven dei harmed heimanfrå.»

Desse orda kom frå daverande skrivar i Noregs Ungdomslag, Kristoffer Sælid, i eit foredrag om Bygdelagsrørsla oktober 1945. Det fortel ein del om tanken bak bygdelaga i Oslo.

Gudbrandsdalslaget vart skipa i 1920, men alt i første halvdel av 1890-åra vart Dølalaget stifta i det som da var Kristiania. Laget vart oppløyst på grunn av usemje om kursen. I 1920 var det større samling om kva laget skulle vera. Føremålet var å samle gudbrandsdølar i Oslo til hyggeleg samvær og arbeid på heimleg grunn, står det i eit referat frå skipingsmøtet.

Frå slutten av 1800-talet hadde norskdomsrørsla markert seg sterkt på ei rekkje område, gjennom organisasjonar som ungdomslag og mållag, gjennom forretningstiltak, aviser, litteratur, teater og andre kulturområde. Rørsla var i vekst og framgang.

På den tida Gudbrandsdalslaget vart stifta, var det mange andre aktive bygdelag, og i 1923 vart fleire av dei samla i Oslo Fylkeslag, som skulle vera fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Tilknytinga til ungdomslagsrørsla kom til uttrykk i lova til laget, mellom anna at nynorsk skulle vera hovudmålet. For ein del aktive medlemmer var nok den ideologiske overbygningen viktig, for andre betydde den mindre. Det lovfesta føremålet med laget var nokonlunde uendra i alle år. Laget skulle vera eit tilbod til dølar som flytta til Oslo, for at dei kunne kjenne seg betre heime i byen. Samtidig skulle laget verne om tradisjonar ein kjende frå heimemiljøet.

Førti-femti år etter skipinga vart det reist spørsmål ved om laget lenger hadde nokon misjon. Det spørsmålet vart hangande ved laget i alle år etter det. Kva skulle ein med eit lag for dølar i ei moderne tid da det fanst nok av andre tilbod, og dølar flest fann seg betre til rette i byen enn tidlegare generasjonar hadde gjort?

Gudbrandsdalslaget vart ikkje hundre år. 93 år etter skipinga vart det lagt ned. Da hadde styret streva i fleire år med å halde liv i det. Men i mange tiår hadde laget fylt eit behov som fanst, som eit av mange bygdelag i hovudstaden. Tusentals unge gudbrandsdølar har vore medlemmer, langt fleire har deltatt på samkomer av ymse slag, møte eller festar. For svært mange vart det ein naturleg møtestad.

Draumen om ei eiga hytte stod sterkt både i Gudbrandsdalslaget og i andre bygdelag. Gudbrandsdalslaget kjøpte i 1937 Slakterhytta, som hadde namn etter plassen Slaktern i Nordmarka. Etter kvart vart den vurdert som for lita, og i desember 1952 kjøpte laget Skjennungstua. Svært mange medlemmer har gjennom åra hatt stor glede av hyttene, og somme av dei beste minna frå tida i laget er knytte til det. Samtidig førte hyttene med seg mange problem og kriser for laget.

Hytteeigedommane var ei av årsakene til at laget heldt stand dei siste åra. I 1992 vart Skjennungstua seld, men laget kjøpte ei ny i Son, som dei kalla Gudbrandstugu. Snart vart det vanskeleg å drive den hytta også, ho vart selt, og laget vart lagt ned.

Inntektene frå hyttesalet vart overført til den nyoppretta Stiftinga G-Kultur frå 1. januar 2014. Føremålet til G-Kultur er å gje økonomisk stønad til ulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Første delen av dette skriftet skal gje ein historisk gjennomgang av laget, frå framveksten til oppløysinga, kva laget såg på som sin viktigaste funksjon, og korleis det levde opp til føremålet. Andre delen er tematisk, og tar for seg dei oppgåvene som fekk størst plass, og som har hatt mest å seia for laget. I ei særstilling står Skjennungstua.

Arbeidet er basert på arkivmaterialet som Gudbrandsdalslaget overleverte til Opplandsarkivet i 2014 og 2015. Arkivet inneheld møtebøker, årsmeldingar, brev og sakspapir frå dei fleste åra etter krigen. Også ein del avisinnlegg er tatt vare på. Det meste av arkivmaterialet frå før verdskrigen gjekk tapt i samband med bombing i Oslo desember 1944, men det finst att møtebøker frå april 1938 til 1942. Møtebøkene frå 1958 og 1959 manglar, det same gjeld årsmeldingar frå åra 1990 til 1998. Lagsbladet Guriluren har vore ei viktig kjelde, etter kvart har det kome til rette att mange årgangar av dette bladet, som også kan fortelja ein del om sakene som var oppe. Det finst hyttebøker frå Slaktern, Skjennungstua og Gudbrandstugu. Elles er noko av framstillinga basert på intervju med somme av dei som har vore sentrale i periodar i lagshistoria.

I tillegg til den historiske framstillinga har vi tatt med tidsminne frå formenn/ leiarar frå kvart tiår frå 1950-åra, eit minne frå barndom på Skjennungstua, minne frå ei hyttevertinne og ei jubileumstale.

For å kunne skrive om historia dei første tiåra etter stiftinga, har jubileumsskriftet i samband med at laget fylte 50 år i 1970, vore svært nyttig. Det var artiklar som vart trykte i Årbok for Gudbrandsdalen 1969. Det bygde vidare på eit skrift som kom ut ti år før, da laget fylte 40 år.

Da var laget godt å ha er ei samla framstilling av den meir enn nittiårige historia.