Tildelt stønad frå Stiftinga G-Kultur

Styremøte 27. september 2017

Stiftinga G-Kultur mottok ni søknader til utlysingsfristen 1. september. På styremøtet 27. september vart det gjeve stønad til 5 prosjekt med samla stønadssum 40.000 kr., fordelt med 5.000 kr. til Årets satsing og 35.000 kr. frå den generelle stønadsordninga.

Desse prosjekta fekk stønad:

Årets satsing 2017, lokalhistoriske tidsskrift og publikasjonar

Ole Bratlien, 5.000 kr. til artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen om Reidar Hagen – «Historia om ein diskoskastar frå Kvikne».

Den generelle stønadsordninga

Mads Erik Odde, 5.000 kr. til «Slåttar arrangert for akkordeon, notehefte».

Mari Skeie Ljones, 5.000 kr. til «Plateinnspeling: Tradisjonsmusikk frå Sør-Gudbrandsdalen».

FolkRekrutt v/Mari Midtli, 10.000 kr. til «FolkRekrutt 2017-2018».

Sing Song Singers Støtteforening v/Åshild Marit Jenstad, 15.000 kr. til «Blanda Drops, jubileumskonsert 2018».
Styremøte 19. februar 2017

Stiftinga G-Kultur mottok 23 søknader til utlysingsfristen 1. februar. På styremøtet 19. februar vart det gjeve stønad til 15 prosjekt med samla stønadssum på 116.000 kr., fordelt med 46.000 kr. til Årets satsing og 70.000 kr. frå den generelle stønadsordninga.

Desse prosjekta fekk stønad:

Årets satsing 2017, lokalhistoriske tidsskrift og publikasjonar

Odd Jan Skriubakken, 5.000 kr. til artikkelserie i Fronsbygdin om gamle husmannsplassar i «Baksida» på Sør-Fron.

Anton Løkken, 3.000 kr. til artikkel i Fronsbygdin om Sigurd Berge.

Fride Gunn Rudi, 6.000 kr. til artiklar i Fronsbygdin om pensjonatet i Øverbygda og om småbruka og gardsbruka i Øverbygda.

Rasmus Stauri, 10.000 kr. til artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen om Hundorp Skolehjem (1943-45).

Fåberg og Lillehammer historielag, 5.000 kr. til dokumentasjon av og bok om setrane i Fåberg.

Kristoffer Kruken, 5.000 kr. til Heime og ute, bok om brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932.

Årbok Ringebu Historielag, 5.000 kr. til artikkel om matklokker i Ringebu.

Lesja Historielag, 7.000 kr. til historiske dvd-opptak frå Lorkverna.

Den generelle stønadsordninga

Norges Husflidslag Oppland, 5.000 kr. til TREseminaret på Dovre april 2017.

Hans Brimi og Aslak Brimi, 20.000 kr. til konsertserie i samband med 100-årsjubileum for spelmannen Hans W. Brimi.

Heidal historielag, 10.000 kr. til «Soga om Heidal Ul og lagsavisa Heidøl’n».

Diktardagar SA, 10.000 kr, til Diktardagar 2017 i Lom, Skjåk og Vågå.

Ad Cantus-koret i Gudbrandsdalen, 10.000 kr. til «Jubileumsåret 2018 og vegen dit».

Sol i Skuggeskog, 5.000 kr til CD-innspeling «Sol i skuggeskog – Den eine».

Anaribok/Jarnfrid Kjøk, 10.000 kr. til trykking av etterlatt manusskript «Knut Kjøk, Gamle ord og uttrykk».
Styremøte 18. september 2016

Stiftinga G-Kultur mottok 9 søknader til utlysingsfristen 1. september. På styremøtet 18. september vart det gjeve stønad til fem prosjekt med samla stønadssum på 50.000 kr. Desse prosjekta fekk stønad:

Lesja Historielag v/Oddvar Romundset og Bjørg Nordset, 5.000 kr til bokprosjektet «Kakejern/bakstjern».

FIRO v/ Mads Erik Odde, 10.000 kr til CD-produksjon.

FolkRekrutt v/Mari Midtli, 10.000 kr til kursverksemd for ungdom.

Heidal Amatørteaterlag v/Ole Kristian Ødegård, 15.000 kr til                         «Fjellfolk», spel om Jo Gjende.

Fåberg Musikkforening v/Hanne Maren Kristensen, 10.000 kr                             til «Jeg drømte …», konsert.

 

Styremøte 21. februar 2016

Stiftinga G-Kultur mottok 16 søknader til utlysingsfristen 1. februar. På styremøtet 21. februar vart det gjeve stønad til seks prosjekt med samla stønadssum på 55.000 kr. Desse prosjekta fekk stønad:

Norsk Litteraturfestival v/Anne-Thea Langvik Haavind, 20.000 kr til «Pegasus, tilbud til barn og unge».

«Aslaug Høydal 100 år» v/Sigrun Eide, 10.000 kr til diverse arrangement i samband med 100-årsmarkeringa.

Ringebu Historielag v/Olaug Widme, 5.000 kr til utstillinga «Skolehistoria i Ringebu fram til 1940».

Lokal kvedargruppe for Norsk Kvedarforum v/Jarnfrid Kjøk, 10.000 kr til «Barn i lokal songarv 2016».

Norges Husflidslag v/Husflidskonsulenten i Oppland, 5.000 kr til «Verkstadtilbod til barn og unge på TREseminaret på Dovre 2016».

Heidal historielag v/Per Prestgard og Gustav Ekre, 5.000 kr til arrangement i samband med «Kristian Prestgard – eit 150-årsminne».

 

Styremøte 15. september 2015

Første runde med tildeling av stønad frå G-Kultur

Stiftinga G-Kultur mottok 21 søknader til den første utlysingsfristen 1. september. På styremøtet 15. september 2015 vart det gjeve stønad til fem prosjekt med samla stønadssum på 145.000 kr. Desse prosjekta fekk stønad:

Vågå spel- og dansarlag v/Kjærsti Gangsø, 5.000 kr til kursverksemd for spelmannslaget for juniorar.

Furusjøen rundt AS v/Ole-Petter Brendstuen, 10.000 kr til bokprosjekt i samband med 50-årsjubileum for Furusjøen Rundt i 2016.

Tor Jonsson-laget v/Håvard Teigen, 100.000 kr til Tor Jonsson-året 2016.

Fåberg Musikkforening v/Hanne Maren Kristensen og Lillian Løvseth, 5.000 kr til konsert for 100-årsmakering av Frank Sinatra.

Foreningen Nye Hjerleids venner v/Martin Killi og Helle Hundevadt, 25.000 kr til fagbibliotek og arkiv for tradisjonshandverk.