Om Stiftinga G-Kultur

Stiftinga G-Kultur – for kunst og kultur med tilknyting til Gudbrandsdalen

Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta 2. februar 1920 og nedlagt 31. oktober 2013. Samtidig med nedlegginga vart Stiftinga G-Kultur oppretta for å ta vare på arven og forvalte dei økonomiske midlane etter laget:

1. Gje tilskot basert på søknad til kunst- og kulturprosjekt og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen. Pr. 2018 er det gjeve tilskot til i alt 47 prosjekt med samla beløp 556.000 kr. Siste utlysingsrunde for bidrag var 1. februar 2019.

2. Ta vare på arkivmaterialet og eigedelane. Det meste av dette, inkl lagsfana, vart overlevert til Opplandsarkivet på Maihaugen i 2014-2015.

3. 21. april 2017 vart Da var laget godt å ha – Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920-2013, lansert ved eit arrangement på Det Norske Teatret. Magnhild Bruheim har skrive boka.

4. 10. september 2017 vart soluret frå Skjennungstua, den tidlegare lagshytta i Nordmarka, avduka under eit arrangement på Hundorp. Plasseringa av soluret har kome i stand ved eit  samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea, Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard, grunneigar Rasmus Stauri og Stiftinga G-Kultur.

To satsingar fram mot 2020

– Skrivekonkurransen «Unge røyster» for skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen. Utlysing i januar 2019 og med bidragsfrist 15. juni 2019. Inntil 10 bidrag vil bli honorert med 10.000 kr kvar og skal etter planen gjevast ut i bokform.

– Kulturarrangement 1. februar 2020 på Det Norske Teatret: 100 år sidan Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta, lansering av boka «Unge røyster», medverknad bl.a. av kunst- og kulturaktørar som har fått tilskot frå Stiftinga G-Kultur.

Styret har vedteke at Stiftinga G-Kultur skal avviklast i 2020.