Kulturarrangement 2020

Stiftinga G-Kultur inviterer til kulturarrangement laurdag 1. februar 2020. Arrangementet finn stad i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo, Rosenkrantz gate 8 (ved sidan av Oslo Nye Teater).

Vi har fire overodna målsettingar med kulturarrangementet:

– Markere at det da er 100 år sidan Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta (stiftingsdato 2. februar 1920).
– Markere at Stiftinga G-Kultur blir avvikla i løpet av første halvår 2020. Stiftinga vart oppretta samtidig med at Gudbrandsdalslaget vart nedlagt i november 2013.
– Lansering av publikasjon, med artiklar i samband med skrivekonkurransa Unge røyster i 2019.
– Medverknad av kunst- og kulturaktørar frå Gudbrandsdalen.

Meir informasjon om arrangementet vil kome etter kvart.