Historikk

Stiftinga G-Kultur – for kunst og kultur med tilknyting til Gudbrandsdalen

Stiftinga G-Kultur vart oppretta i oktober 2013 som vidareføring av Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt på same tid. Midlane i stiftinga kjem i hovedsak frå salget i 2011 av den tidlegare lagshytta i Son. Føremålet med G-Kultur er å gje økonomisk stønad til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

Gudbrandsdalslaget i Oslo vart oppretta i 1920, og var i mange år ein heilt sentral møteplass for dølar frå alle kommunane i Gudbrandsdalen. Laget hadde stor sosial og samfunnsmessig betydning, og dette har vore retningsgjevande for opprettinga av G-Kultur. Med G-Kultur ønskjer ein å vidareføre viktige sider ved føremål og aktivitetsgrunnlag i Gudbrandsdalslaget.

Skjennungen
Skjennungstua i Nordmarka, bilde frå 1960-talet

Ei rik hyttehistorie
Allereie få år etter at Gudbrandsdalslaget i Oslo vart stifta i 1920 melde det seg behovet for ei lagshytte Den første hytta var på leigekontrakt, den vart kalla Haukeli og låg på Haga gard ved Grini i Bærum. I følgje lagshistoria vart det første gong skrive i hytteboka 13. oktober 1929. Deretter kjøpte laget Slakterhytta hausten 1937, denne låg like i nærleiken av Nordmarkskapellet. Slakterhytta hadde tidlegare vorte kalla Sollandshytta, og Gudbrandsdalslaget kjøpte den av ein organisasjon som heitte Studenthjemmet.

I desember 1952 overtok Gudbrandsdalslaget Skjennungstua frå Skiforeningen til bruk som lagshytte og serveringsstad. Hytta ligg på Skjennungsåsen i nærleiken av vatnet Skjennungen, cirka 4 km frå Frognersetra og 8 km frå Sognsvatn, med andre ord midt i Nordmarkas flottaste og best tilgjengelege område både for sommar- og vinteraktivitetar. Skjennungstua ligg cirka 475 m.o.h., og herifrå er det vidt utsyn ned mot Oslo-gryta og langt innover i Nordmarka.

Skjennungstua vart opna 10. desember 1910, med Skiforeningen som eigar. Arkitekt var Thv. Astrup. Da Skiforeningens ekstraordinære generalforsamling 6. januar 1910 fekk fullmakt til å bygge skistue på Skjennungsåsen, gjekk det blant anna fram av planane at skistua låg to-tre timars marsj frå byen (Holmenkollbana vart forlenga til Frognersetra i 1916). Den var spesielt berekna for ungdom som ikkje hadde store skiferdigheiter. Damer skulle også få moglegheit til å overnatte. Byggebudsjettet låg på 18.000 kr og omsetninga skulle balansere på kr. 1.300 per år. Skjennungstua fekk stor serveringsstove og 30 køyeplassar, dessutan rom for bestyrar, kjøkken, fjøs og uthus – samt telefon med biapparat til Frønsvollen til varsling av eventuell skogbrann.

Skiforeningen dreiv Skjennungstua fram til 1952, da Gudbrandsdalslaget altså overtok. Kjøpesummen var 85.000 kr, og desse pengane greidde laget å skaffe tilveges gjennom lån, pengeinnsamling blant medlemmene og dugnadsinnsats. I følgje kontrakta var laget forplikta til å halde Skjennungstua open for servering. Skjennungstua var i Gudbrandsdalslaget si eige i cirka 40 år, og vart ein sentral møtestad for lagsmedlemmer og ein populær utfartsstad for folk i Oslo, noko hytta i høgste grad framleis er. Skjennungstua vart seld i 1992 til Hanne og Bjørn Stenen, som hadde overteke som vertskap i 1980. Eigarar og vertskap frå 2011 er Ingrid og John Petter Martinussen.

Til Son

Etter ei tenkjepause på eit par år, kjøpte Gudbrandsdalslaget ny lagshytte i Kjøvangen ved Son i 1994. Denne vart raskt populær, særleg blant dei som hadde små barn. Hytta vart javnleg brukt i åra som kom – spesielt på sommaren, men det var gjerne overnattingar på hytta frå april til oktober.
Etter 2005 dabba interessa for hyttebruk noko av – ikkje minst fordi barnefamiliane nå ofte hadde andre ferieplanar. Samstundes var det naudsynt med vedlikehald – noko som gjerne skjedde på dugnad. Etter kvart kjøpte ein festetomta på 1,333 mål og i samarbeid med Kjøvangen Vel vart det lagt leidningar for vatn og kloakk  fram til hytta. Her sto ein over for relativt store investeringar, og ein vedtok derfor å selja hytta. Hytta vart seld i 2011 og pengane for salet er nå basis for midlane i Stiftinga G-Kultur.