Bildegalleri

Soluret_på_Skjennungstua_2015_lite

Soluret frå Skjennungstua

Ein arv etter Gudbrandsdalslaget i Oslo

I 1960 gav Dale-Gudbrand, laget for «eldre dølar» i Oslo, eit solur til Skjennungstua, lagseigedomen til Gudbrandsdalslaget i Oslo. Soluret vart laga av ingeniør Otto Imset, som seinare var formann i Dale-Gudbrand. Soluret skal vere det første som viser både klokkeslett og dato, og har elles andre tekniske    finessar. Soluret på Skjennungstua var bakgrunnen for at Otto Imset fekk oppdraget med å lage det store soluret i Vigelandsanlegget i Oslo.

Da Gudbrandsdalslaget selde Skjennungstua i 1992 vart soluret teke ned. Nå får det permanent plass på Hundorp, i samarbeid mellom grunneigar Rasmus Stauri, Gudbrandsdalsmusea, Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard og Stiftinga G-Kultur.

Soluret blir avduka ved eit arrangement søndag 10. september 2017 kl 13.