Stiftinga G-kultur – for kunst og kultur med tilknyting til Gudbrandsdalen

Om stiftinga

Stiftinga G-Kultur vart oppretta i oktober 2013 som vidareføring av Gudbrandsdalslaget i Oslo, som vart nedlagt samtidig. Føremålet har vore å forvalte arven etter Gudbrandsdalslaget og å gje økonomisk tilskot til kulturaktivitetar og kulturverksemd med tilknyting til Gudbrandsdalen.

1. februar 2019 var siste gong Stiftinga G-Kultur tok imot søknader om tilskot. Styret har vedteke at stiftinga skal avviklast i 2020.

Skrivekonkurransen Unge røyster

Stiftinga G-Kultur lyste i januar 2019 ut skrivekonkurransen Unge røyster for skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknytning til Gudbrandsdalen. Frist for bidrag til konkurransen var 15. juni.

Personvernerklæring
Personvernerklæringa gjer greie for Stiftinga G-Kultur si handtering av personopplysingar som blir brukt i samband med handtering av søknader om tilskot frå stiftinga. Sjå heile teksten her.

Økonomisk tilskot
Stiftinga G-Kultur har fått tilskot til verksemda frå Sparebank 1 Lom og Skjåk.